Aust-Europa er ei nemning nytta om den austlege delen av Europa. I somme definisjonar er grensene i større grad definert ut frå kultur og ikkje i så stor grad av geografi. Gjennom tidene, og til ein viss grad den dag i dag, har Aust-Europa skild seg kulturelt, religiøst, økonomisk og historisk ut frå Vest-Europa og andre regionar. Sjølv om nemninga Aust-Europa i stor grad vart definert under den kalde krigen, er ho framleis nytta i dag.[1]
Definisjonar
Det finst fleire definisjonar av Aust-Europa i dag, men dei er anten ikkje alltid særleg presise eller altfor generelle. Definisjonane varierer både på tvers av kultur, mellom ekspertar og statsvitarar og har vorte meir og meir upresise.[3] Ofte vert nemninga forstått som ein region som ligg mellom Sentral-Europa og Uralfjella, eller som dei europeiske landa som tidlegare høyrte til Austblokka.
SN
Dei sameinte nasjonane sin statistikkdivisjon reknar Aust-Europa som dei følgjande ti landa[4][5]: Kviterussland, Bulgaria, Tsjekkia, Ungarn, Moldova, Polen, Romania, Russland, Slovakia og Ukraina. Inndelinga er slik fordi ho er statistisk nyttig og inneberer ikkje politiske eller andre tilknytingar mellom land og område gjeve av SN.[6] Definisjonen til SN omfattar alle statane som ein gong var under påverknad av Sovjetunionen og var ein del av Warszawapakta, og er ikkje nødvendigvis geografisk korrekt.
Dei sameinte nasjonane si ekspertgruppe for geografiske namn (UNGEGN) vart oppretta for å ta seg av tekniske problem med innanriks standardisering av geografiske namn.[2] Gruppa består av ekspertar frå forskjellige språklege eller geografiske avdelingar som er oppretta ved SN-konferansen for standardisering av geografiske namn.
Russland er definert som eit transkontinental land.
Geografisk
Uralfjella er den geografiske grensa lengst aust i Europa. I vest er den kulturelle og religiøse grensa fleire stader overlappande, men har variert gjennom historia, slik at det er vanskeleg å plassere den vestlege grensa til Aust-Europa nøyaktig.
Politisk og kulturelt
Eit syn på den noverande grensa til Aust-Europa kom til under avsluttinga av den andre verdskrigen. Aust-Europa vart då rekna som alle dei europeiske landa som kom under sovjetisk påverknad og kontroll. Desse landa hadde kommunistregime og nøytrale land vart klassifisert ut i frå deira politiske regime. Den kalde krigen førte til enno ein grunn til å dele Europa inn i to, langs grensene mellom landa i NATO og Warszawapakta.
Stundom vert land som er historisk eller kulturelt forskjellige ikkje rekna med i Aust-Europa. Dette omfattar vanlegvis land i Sentral-Europa eller Baltikum, som har ei anna politisk, religiøs, kulturell og økonomisk historie enn deira austlege naboland.
Nyare utvikling
Etter jernteppet forsvann aust-vest-inndelinga av Europa.[12] Sjølv om denne geopolitiske nemninga framleis er i bruk,[13] vert ei inndeling av Europa i geografiske og kulturelle regionar stadig meir vanleg.[14]
Baltikum var sovjetiske republikkar og er i dag medlemsland i EU. I forskjellige definisjonar vert dei anten rekna som ein del av Aust-Europa (ut ifrå den tidlegare politiske inndelinga som eit kommunistland) eller Nord-Europa (på grunn av kultur).[15][16]
Somme sentraleuropeiske statar var kommunistiske under den kalde krigen og er i dag medlemsland i EU. Dei kan reknast som ein del av Aust-Europa (ut ifrå den tidlegare politiske definisjonen som kommunistland) og Sentral-Europa (av økonomiske, historiske, religiøse og kulturelle årsaker).[15][16][17]
Dei fleste av statane i Søraust-Europa høyrte ikkje til Austblokka (bortsett frå Bulgaria, Romania og ei kort stund Albania) sjølv om enkelte av dei var medlem i Kominform. Berre enkelte av dei kan reknast inn i den tidlegare politiske definisjonen av Aust-Europa. På grunn av det kulturelle mangfaldet i regionen er det vanskeleg å knyte dei enkelte landa til dei dei nemnde regionane. Alle desse statane bortsett frå Bulgaria, Romania og vanlegvis Slovenia kan reknast som ein del av Sør-Europa.[18] Dei fleste kan derimot reknast som ein del av Søraust-Europa, men somme av dei òg i Sentral-Europa eller Aust-Europa.[19]
Romania kan reknast til Aust-Europa som tidlegare austblokkland, men vert i dag ofte rekna til Søraust-Europa[21][22] eller Sentral-Europa.[23]
Serbia kan reknast til Søraust-Europa og Sentral-Europa.
Slovenia vert vanlegvis rekna til Sentral-Europa[24], men stundom som ein del av Søraust-Europa som tidlegare del av Jugoslavia.
Opphav i antikken og mellomalderen
Den tidlegare kjende inndelinga mellom aust og vest i Europa dukkar opp i Den romerske republikken. Etter kvart som romarane utvida landområda sine, oppstod eit kulturelt og språkleg skilje mellom dei hovudsakleg gresk-talande austlege provinsnae som hadde danna den urbaniserte hellenistiske sivilisasjonen. I vest nytta ein stort sett latinsk. Denne kulturelle og språklege delinga vart seinare forsterka av den politiske aust-vest-delinga av Romarriket.
I etterkrigstida vart Europa stort sett polarisert mellom to sfærar: den hovudsakleg kapitalistiske Vestblokka og den hovudsakleg kommunistiske Austblokka. Då den kalde krigen kom i gang vart Europa del av jernteppet.
Frå Stettin i Austersjøen til TriesteAdriahavet har eit jernteppe lagt seg over kontinentet. Bak denne linja ligg alle hovudstadane i gamle statar i Sentral- og Aust-Europa. Warszawa, Berlin, Praha, Wien, Budapest, Beograd, Bucuresti og Sofia; alle desse kjende byane og innbyggjarane rundt dei ligg i det eg må kalle den sovjetiske sfæren og alle er, på ein eller annan måte, ikkje berre utsett for sovjetisk påverknad, men for særs stor, og i somme tilfelle aukande, kontroll frå Moskva.
»
Etter forsvann bruken av nemninga Sentral-Europa. Sjølv om enkelte land offisielt var nøytrale, vart dei klassifisert ut frå det politiske og økonomiske systemet sitt. Denne delinga har definert den populære oppfatninga og forståinga av Aust-Europa og grensene mot Vest-Europa fram til i dag, i lag med ei aukande polarisering i tilhøvet mellom vest og aust.
Austblokka
Aust-Europa bestod hovudsakleg av alle europeiske land som vart frigjeve og så okkupert av den sovjetiske armeen. Det inkluderte Aust-Tyskland, som bestod av den sovjetiske okkupasjonssonen i Tyskland. Alle landa i Aust-Europa tok til seg kommunistiske styreformer. Landa var offisielt sjølvstendige frå Sovjetunionen, men i praksis var dette sjølvstende, bortsett frå i Jugoslavia, Albania og til ein viss grad Romania, ganske så avgrensa. I enkelte tilfelle var dei lite anna enn klientstatar under Sovjetunionen.
Under press frå Stalin sa desse nasjonane frå seg hjelpemidlar frå Marshallplanen og deltok i staden i Molotovplanen, som seinare utvikla seg til COMECON. Då NATO vart oppretta, vart dei fleste landa i Aust-Europa medlemmar av den motsette Warszawapakta, og danna ei geopolitisk nemning kjend som Austblokka.
Jugoslavia (oppretta etter den andre verdskrigen) var ikkje medlem av Warszawapakta. I staden grunnla dei Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, ein organisasjon oppretta for å unngå å verte ein del av dei to blokkane. Rørsla var demonstrativt sjølvstendig frå både Sovjetunionen og Vestblokka gjennom det meste av den kalde krigen, og gjorde Jugoslavia og dei andre medlemslanda til meklar innan forretningar og politikk mellom dei to blokkane.
Albania braut med Sovjetunionen tidleg i 1960-åra etter den kinesisk-sovjetiske delinga, og støtta i staden Kina. Albania forlet formelt Warszawapakta i september 1968, etter Prahavåren. Då Kina oppretta diplomatiske forhold med USA i 1978, braut Albania med Kina òg. Albania og særleg Jugoslavia vart ikkje einstemmig føydd til Austblokka, sidan dei var nøytrale gjennom det meste av den kalde krigen.
Sidan 1989
Då jernteppet fall i 1989 endra det politiske landskapet seg i Austblokka og resten av verda. Aust-Tyskland og Vest-Tyskland vart på fredeleg vis samla i 1990. COMECON og Warszawapakta vart oppløyst og i 1991 braut Sovjetunionen saman.