Johannes Ewald (18. november 1743–17. mars 1781) var ein dansk diktar og dramatikar. Han verka i overgangstiden mellom opplysingstida og romantikken,[1] og vert rekna som den første moderne forfattaren i Danmark som skreiv frå eit personleg synspunkt.[2]
Ewald skreiv den danske kongesongen, «Kong Christian stod ved højen Mast», og dei sjølvbiografiske tekstane Levnet og Meninger og Herr Panthakaks Historie. I samtida var han mest kjend for dikt som hylla kongelege og andre personar av høg rang. Han fornya dramaet med nye tema frå den nordiske oldtida: Balders Død og Rolf Krage, eller ved eit fattig nordsjellandsk fiskarleie: Fiskerne. Grunna svak helse, som han forverra ved drukkenskap og dårleg økonomi, døydde Ewald berre 37 år gammal.
Kjelder