Hoy (frå norrønt há-øy som tyder «Høgøya») er ei av øyene som utgjer Orknøyane i Skottland. Med eit areal på 143 kvadratkilometer er ho den nest største i øygruppa etter Mainland. Ho har samband South Walls via ei vegfylling kalla The Ayre. Noko som er uvanleg er at dei to øyane vert rekna som ei enkelt eining under britiske folketeljingar.[1]
Skildring
Den dramatiske kystlinja på Høy trekkjer til seg mange vitjande. Her fin ein nokre av dei høgaste sjøklippene i Storbritannia ved St John's Head, som er 350 meter høge.[2] Her er den imponerande og kjende staurenOld Man of Hoy, nokre av dei nordlegaste naturlege skogområda på Dei britiske øyane og det nordlegaste Martellotårna, som vart bygt for å verne området under napoleonskrigane, men vart aldri nytta i strid.
Det høgaste punktet på Orknøyane, Ward Hill, ligg på Hoy.
Ei uvanleg uthogd grav, Dwarfie Stane, ligg i Rackwick-dalen nord på øya. Ho er unik Europa og liknar graver frå steinalderen og bronsealderen som ein finn rundt Middelhavet.
Den nordlege delen av øya er eit naturreservat på grunn av viktig fugleliv, særleg storjo og lom.