I 1486 opphøgde kong Jakob III av Skottland Kirkwall til by med statusen kongeleg burgh. Namnet Kirkwall kjem frå det norrøne namnet Kirkjuvágr som tyder «Kyrkjevågen», som seinare vart til Kirkvoe og så Kirkwaa på engelsk. Engelske kartografar tok waa som skotskwa, som tyder «mur» (wall).
Kirkwall ligg på den nordlege kysten av Mainland i Orknøyane, og har ei hamn med ferjesamband til dei fleste andre øyane i gruppa. Etter dagens skotske standardar er det ein liten by. I hjarta av byen ligg St. Magnuskatedralen som kan sjåast frå lang avstand. Han fekk namnet sitt etter Den heilage Magnus, jarl av Orknøyane frå 1108 til 1117. Like ved katedralen er det ruinar frå slottet til den tidlegare biskopen og slottet til jarlen.
Byen har to museum, eit som inneheld ting av lokalhistorisk interesse og det andre som er det vesle Wireless Museum, som tek seg av historia om radio og lydopptak.