Herman Günther Grassmann |
|
|
Fødd | 15. april 1809 Szczecin |
---|
Død | 26. september 1877 Szczecin |
---|
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen |
---|
Område | algebra, fysikk, matematikk, filologi, vektorrom, språkvitskap |
---|
Yrke | matematikar, fysikar, lingvist, gymnaslærer, omsetjar, pedagog |
---|
Alma mater | Humboldt-Universität zu Berlin Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg |
---|
Medlem | Göttingens vitenskapsakademi |
Herman Günther Grassmann (15. april 1809–26. september 1877) var ein tysk matematikar og språkforskar og var ein av grunnleggarane av vektor- og tensoranalysen.
Det matematiske hovudverket hans, Die Ausdehnungslehre, kom ut i 1844, og seinare i fleire utbetra utgåver. Framstillinga var derimot tung, og teoriane hans vakte liten interesse blant matematikarane medan han levde. Dei samla matematiske verka hans kom ut i tre bind frå 1894 til 1911. Hovudverket hans innan indologien var Wörterbuch zum Rig-Veda frå 1873. Grassmann oppdaga reglane for dissimilasjon av aspirerte konsonantar i indisk og gresk, kalla Grassmannlova.
Kjelder