Haller Rocks er ei lita gruppe holmar i den austlege delen av Bouquet Bay, som ligg 3,5 km nordvest for sørvestenden av Île Liège i Antarktiske Arkipel i Antarktis. Dei vart fotograferte av Hunting Aerosurveys Ltd i 1956–57 og kartlagt frå desse bileta i 1959. Dei vart namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee etter Albrecht von Haller, ein sveitsisk fysiolog som bidrog til viktig kunnskap innan medisin, mellom anna mekanismen til hjarteslaga og føremålet med galle.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Haller Rocks» (innhald frå Geographic Names Information System).