Guéret (på oksitansk: Garait) er ein liten by og kommune sentralt i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Creuse og har rundt 14 000 innbyggjarar.
Historie
På 600-talet oppretta Lantarius, greve av Limoges, eit kloster på eigedomen sin der han nytta eremitten Pardulphe (eller St. Pardoux) som abbed. Rundt klosteret utvikla det seg ein by.
Byen var i 1514 hovudstad i Haute Marche, og det administrastive senteret då departementet vart oppretta i 1790.