Getsemane (hebraisk גת שמנים, Gat-Šmânim, tyder «oljepresse») er ein hage ved foten av Oljeberget i Jerusalem, mest kjend som staden der Jesus bad og disiplane hans søv natta før krossfestinga.
I følgje Det nye testamentet var det ein stad Jesus og disiplane hans ofte vitja, noko som gjorde at Judas visste kvar han ville vere natta han vart arrestert.[1]