Gerard Peter Kuiper (fødd 7. desember 1905 som Gerrit Pieter Kuiper, daud 23. desember 1973) var ein nederlandsk-amerikansk astronom som Kuiperbeltet er kalla opp etter.
Han var professor ved Chicago universitet frå 1943 til 1960, ved universitetet i Arizona i 1960 og direktør for Yerkes og McDonald-observatoria 1947–1949 og 1957–1960, for Lunar and Planetary Laboratory og universitetet i Arizona frå 1961.
Det viktigaste arbeidsområdet hans var dobbeltstjerner, opphavet til solsystemet, planetar og månar. Kuiper oppdaga saturnmånen Miranda og neptunplaneten Nereid og postulerte eit seinare påvist belte av kometar utanfor Neptun og Pluto. I tillegg oppdaga han karbondioksid i atmosfæren til Mars og metan-atmosfæren på Titan i 1944.
Oppkallingar
I tillegg til Kuiperbeltet, er asteroiden 1776 Kuiper, krateret Kuiper på månen og krater på Mars og Merkur. Det no nedlagde Kuiper Airborne Observatory var òg namnsett etter han.
Kjelder
Bakgrunnsstoff