Harvard-observatoriet eller Harvard College Observatory er eit observatorium i Cambridge i Massachusetts i USA, og det største observatoriet i det austlege USA og eit av dei mest kjende i verda. Det vart grunnlagd i 1839. Observatoriet har ei samling på kring 500 000 astronomiske plater som vart laga mellom midten av 1880-åra og 1989.[1]