Sir George Gabriel Stokes, 1. Baronet (13. august 1819–1. februar 1903) var ein britisk matematikar og fysikar.
Han var professor i matematikk i Cambridge frå 1849. Stokes var dugande både i teoretisk og eksperimentell fysikk og fleire viktige fysiske lover er kalla opp etter han. Mest kjend er truleg lova om motstanden ein kuleforma lekam møter når det går med liten fart gjennom ein gass eller ei væske. Av den lova kan ein til dømes finne fallhastigheita for små regndropar.
Stokes vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1902.
Sjå òg
Kjelder