Georg Joachim Rheticus (16. februar 1514–4. desember 1574) var ein tysk-austerriksk astronom og matematikar.
Han var ei tid professor i Wittenberg og studerte seinare hos Nicolaus Copernicus. I 1539 gav han ut den første framstillinga av det kopernikanske systemet og reiste 1541 til Nürnberg for å stå for trykkinga av hovudverket til Copernicus. Rheticus gjorde ei oppmåling av Preussen, og med støtte av keisar Maximilian II av Det tysk-romerske riket rekna han ut særs nøyaktige trigonometriske tabellar.
Kjelder