Europaveg 136 (E136) er ein europaveg som går frå Ålesund gjennom Romsdalen til Dombås der han møter E6. Mellom Spjelkavik (Ålesund kommune) og Brastad/Skorgenes (i Vestnes) følgjer han same trasé som E39. Vegstrekninga heitte tidlegare europaveg 69, før stamvegreforma 1992 gjorde han til stamvegen riksveg 9. Kring 2000 fekk han på ny europavegstatus.
Heile traseen går såleis: Ålesund sentrum, Spjelkavik, Sjøholt, Kjelbotnen (Vestnes), Vikebukt, Åndalsnes, Romsdalen, Lesja, Dombås. Lengda til vegen (bortsett frå felles trasé med E39) er 176,4 km, der 115,6 km i Møre og Romsdal og 60,8 km i Oppland. Ved Horgheim i Romsdalen passerer det i gjennomsnitt 1800 køyretøy i døgnet, av dette 25 % tungtransport. Ved Bjorli passerer om lag 1600 køyretøy, 26 % tungtransport. I juli er døgntrafikken opp mot 3500 køyretøy, medan den i januar er ned mot 1100.[1]