Eugéne Schoulgin (fødd 19. april 1941) er ein norsk forfattar busett i Sverige. Han er son av målaren Alexander Schultz, og voks opp i Noreg, Italia og Frankrike.
Han har i lengre tid arbeidd aktivt for International P.E.N., mellom anna med å få frigjeve forfattarar som sit i fengsel på grunn av bøkene sine eller andre samvitsgrunnar og for å fremja retten til ytringsfridom for skribentar. Den fyrste boka si, Kaninburene, fekk han utgitt i 1970. I 1985 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Minner om Mirella.
I 2006 vart han utnemnd til statsstipendiat for sitt arbeid med P.E.N.
Romanar
- 1970 Kaninburene
- 1971 Krutthuset
- 1974 Den dagen snøen kom
- 1977 Glassmaleren
- 1984 Minner om Mirella
- 1988 Federico - Federico!
- 1997 Salto mortale