Edmund Georg Hermann Landau (14. februar 1877–19. februar 1938) var ein tysk-jødisk matematikar som arbeidde innanfor talteori og kompleks analyse.
Han var professor i Göttingen frå 1909 til 1933. Verket hans Handbuch der Lehre der Verteilung der Primzahlen (3 bind, 1909) inneheld alt det ein på det tidspunktet kjende til emna talteori og funksjonsteori. Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo i samband med Abelminnefesten i 1929.
Kjelder
«Edmund Georg Hermann Landau» i Store norske leksikon, snl.no.