Doueir (arabisk: دوير, al-Dwayr) eller Dweir er ein landsby med kring 7 500 innbyggjarar i Sør-Libanon nær Nabatiyeh og nord for Litani. Sjølv om Doueir vert rekna som ein liten landsby, er han heimstaden til kjende libanesarar som den tidlegare arbeidsministeren Ali Qanso, Mehdi Kanso og kjernefysikaren Rammal Rammal.
Under Libanonkrigen i 2006 var Doueir eit av dei første måla til det israelske forsvaret, og ein familie på 12 vart drepen den 13. juli 2006.[1][2][3] Landsbyen har sidan nytt godt av investeringar frå den italienske regjeringa som bygde ei ny olivenoljemølle.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Adm. senter | |
---|
Byar og landsbyar | |
---|