Den Norske Opera & Ballett er ein institusjon for opera og ballett som vart stifta i 1957. Han er den einaste fullt ut profesjonelle institusjonen for produksjon og formidling av desse kunstformene i Noreg.
Den Norske Opera & Ballett si verksemd er organisert i sju programområde: Opera, ballett, konsertar, utdanning og formidling, utvikling og nyskapning, turné- og riksopera, i tillegg til utanlandsgjestespel.
Soge
Den første operasjefen var Kirsten Flagstad. Den norske Operaen & Ballett heldt sidan starten til i Folketeatret på Youngstorget, før han i 2008 kunne flytte inn i det nye Operahuset i Oslo med adresse Kirsten Flagstads plass 1 i Bjørvika. I samband med flyttinga endra institusjonen namn frå «Den Norske Operaen» til «Den Norske Opera & Ballett». Samstundes la Det norske Operafond ned verksemda og overlét eigenkapitalen til institusjonen. Institusjonen er organisert som eit aksjeselskap og var til 2008 eigd av den norske staten (90 %) og Det Norske Operafond (10 %), etter dette heilt av staten.