Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Opera

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå nettlesaren Opera.
Operaplakat for Aïda frå 1908.

Opera er eit drama der teksten hovudsakleg vert sungen av skodespelarane i staden for å verte tala. Dette skjer oftast til orkesterakkompagnement. Opera kan au inkludere ballettscener og talt dialog, men dette varierer mellom dei forskjellige undersjangrane. Opera er nært beslekta med oratorium, syngespel, operetter og musikalar. Ordet «opera» kjem frå italiensk opera per musica som tyder 'musikkverk'.[1]

Noreg

Norske operaer

Det er blitt skrive 120 operaer av norske komponistar før år 2000.[2] Blant desse er Fredkulla 1859, Austanfyre sol og vestanfyre måne (1888–1890), Fiskeren (1900), Den røde pimpernell (1913), Stormfugler (1926) og Olav Liljekrans (1940).[2] Andre norske operaer er Lajla og Stallo.

Kjente operakomponistar

Kjelder

  1. «opera» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Ida Karine Gullvik 2011-08-27 Klassekampen «Teppefall for norsk opera» side 50

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Opera
Spire Denne underhaldningsartikkelen som har med musikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Kembali kehalaman sebelumnya