Crişul Repede (på rumensk) eller Sebes-Körös (på ungarsk) er ei elv på 209 km i Bihor i Transylvania i Romania og søraust i Ungarn. I lag med elvane Crişul Alb (Kvita Criş) og Crişul Negru (Svarte Criş) utgjer ho dei tre Criş elvane («Cele Trei Crişuri»). Desse vert rekna som dei viktigaste elvane i regionen Crişana i Romania. Historisk, då Crişana var ein offisiell region (i dag er Romania delt inn i 40 fylke), var Criş-elvane dei viktigaste i regionen.
Crişul Repede renn gjennom byen Oradea, hovudstaden i Bihor. Ho munnar ut i Körös (Criş) nær Gyomaendrőd i Ungarn.
Kjelder