«Circles» (norsk 'sirklar') er ein popsong frå 2022 som vert framført av den makedonske songaren Andrea Koevska. Songen var det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
«Circles» er skriven av Andrea Koevska saman med Aleksandar Masevski. Ifølgje Koevska handlar songen om den augneblinken ein tek lagnaden i eigne hender og innser at ein er sterk nok til å forandre livet sitt til det betre. Songen vart skriven på eit tidspunkt då Koevska levde i eit dårleg forhold, og sjølv om kjærleiken var sterk, var det umogleg å fortsette i forholdet. Tittelen spelar ifølgje Koevska på styrken ein finn når ein klarar å bryte ut av «sirklane» ein føler i slike situasjonar.[2]
Låtskrivarane sende inn bidraget til den makedonske songtevlinga Za Evrosong i regi av den makedonske ålmennkringkastaren MRT. Vinnaren av tevlinga fekk representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022. «Circles» var eitt av seks bidrag som vart plukka ut til tevlinga 4. februar 2022.[3][4] Bidraga vart offentleggjorde og slopne 28. januar 2022.
I finalen 4. februar vann «Circles» med 20 poeng, av desse kom 12 poeng frå den internasjonale juryen og 8 poeng frå telefonavrøystinga. Som vinnar vart «Circles» det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2022.[5] Der deltok han i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Der vart han nummer 11 av 18, éin plass unna frå å kvalifisere seg til finalen laurdag 14. mai.[6]