Charlie Haden

Charlie Haden

Statsborgarskap USA
Fødd 6. august 1937
Shenandoah
Død

11. juli 2014 (76 år)
Los Angeles

Yrke komponist, jazzmusikar, dirigent, musikar, bassist, plateartist
Språk engelsk
Medlem av The Ornette Coleman Quartet, Alice Coltrane Sextet, Liberation Music Orchestra
Nettstad http://www.charliehadenmusic.com
Charlie Haden på Commons

Charles Edward Haden, kjend som Charlie Haden (6. august 193711. juli 2014), var ein amerikansk jazz-bassist, komponist og orkesterleiar.

Han blei fyrst kjend då han på slutten av 1950-talet og dei fyrste åra av 1960-talet var medlem i kvartetten til altsaksofonisten og frijazz-pioneren Ornette Coleman. Få år seinare blei Haden medlem av pianisten Keith Jarrett sin fyrste trio og «den amerikanske kvartetten» hans, og tok til å danne eigne grupper, nokre av dei blei svært varige.

Haden spelte med ei karakteristisk, lett betoning med ein markant klangfarge har gjort han til ein stilskapande representant for samtidsjazzen. Haden var ein artikulert, «politisk» musikar som ofte tok stilling til samfunnsmessige problem i det offentlege rommet.

Diskografi i utval

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Charlie Haden

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!