Pat Metheny

Pat Metheny

Fødd12. august 1954 (70 år)
FødestadLee's Summit
FødenamnPatrick Bruce Metheny
OpphavUSA
Aktiv1974–
Sjangerjazz, hard bop, postbop, latino-pop, jazz-fusion, verdsmusikk
Instrumentgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, Pikasso-gitar, synthesizer, trommesett, gitarsynthesizer
PlateselskapEdition of Contemporary Music
Verka somgitarist, jazzgitarist, låtskrivar, komponist, jazzmusikar, musikar, musikkpedagog
PrisarPaul Acket Award, NEA Jazz Masters, Kansas Music Hall of Fame

Patrick Bruce Metheny (fødd 12. august 1954) er ein kjend jazzgitarist som mellom anna speler i Pat Metheny Group.

Pat Metheny er fødd i Lee’s Summit i Missouri i USA og voks opp i ein svært musikalsk familie. Som åtteåring byrja han å spele trompet, men skifta til gitar fire år seinare. Allereie som 15-åring spelte han med dei beste jazzmusikarane i Kansas City. Det store gjennombrotet kom i 1974 gjennom eit tre års samarbeid med den amerikanske vibrafon-legenda Gary Burton.

Gjennom samarbeidet med Burton voks den markante og særeigne spelestilen fram. Metheny har ein svært livskapande artikulasjon på gitaren kombinert med avansert rytmikk og harmonisering.

Metheny har samarbeidd med ei rekke kjende namn som Chick Corea, Michael Brecker, Ornette Coleman, Herbie Hancock, Jim Hall, Milton Nascimento og David Bowie.

Grammyprisar

Pat Metheny og Pat Metheny Group, i samarbeid med pianisten Lyle Mays og bassisten Steve Rodby, har vunne 16 Grammyprisar. Dette omfattar seks etterfølgjande prisar for seks etterfølgjande utgjevingar.

Metheny var etter Grammyprisen i 2004 rekordhaldar i talet på prisar i følgjande kategoriar:

  1. Beste fusionjazz (1983, 1984, 1985, 1988, 1990)
  2. Beste instrumentale komposisjon (1991)
  3. Beste samtidsjazz-framføring/-utgjeving (1993, 1994, 1996, 1999, 2003)
  4. Beste instrumental, individuelt eller i gruppe (1998, 2000)
  5. Beste rockframføring (1999)
  6. Beste instrumentaljazz, solo (2001)
  7. Beste newageutgjeving (2004)

Metheny i Noreg

Pat Metheny har eit nært forhold til Noreg der morfaren Bjørn Hansen voks opp.

Han har samarbeidd med norske musikarar som Jan Garbarek og Silje Nergaard.

Og under Moldejazz i 2001 var Pat Metheny såkalla 'Artist in residence' der han spelte 6 konsertar på 5 dagar med ulike norske artistar. Åpningskonserten var med Trondheim Jazzorkester under leiing av arrangør og pianist Erlend Skomsvoll. På festivalen fekk han også prøve seg på ei besetning han kjenner godt, trioformatet - gitar, bass og trommer - saman med Arild Andersen og Paal Nilssen-Love.

Bøker

  • «Pat Metheny Songbook,» (2000) Hal Leonard, ISBN 0-634-00796-3
  • Goins, Wayne: «Emotional Response to Music: Pat Metheny's 'Secret Story,'» (2001) ISBN 0-7734-7439-0
  • Viva, Luigi: «Pat Metheny,» Paris (1990) Editions Filipacchi

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!