Catch Bull at Four er det sjette studioalbumet til Cat Stevens. Tittelen er henta frå ein av Dei ti oksane frå zen.[4]
I USA låg albumet tre veker på toppen på Billboard 200. Det gjekk òg til topps i Australia og Canada og vart det andre albumet til Stevens på rad til å nå andreplassen på UK Albums Chart. Songen «Sitting» vart gitt ut som singel i 1972 og nådde 16. plassen på Billboard Hot 100.
Catch Bull at Four vart godt motteke både kommersielt og kritisk. Rolling Stone var nøgd med den «nydelege melodien og orkestreringa», samtidig som dei var skuffa over mangelen på eit enkelt spor som kunne samanliknast med «Morning Has Broken» frå Teaser and the Firecat.[5]
Alle songar skrivne av Cat Stevens, utanom der andre er nemnde.
Produksjon'