Carterton vart grunnlagd i 1857. Staden var frå først av kjend som Three Mile Bush, og gav husly til arbeidarar som bygde vegen mellom Wellington og Masterton. Seinare fekk byen namn etter Charles Rooking Carter. Byen omtalar seg sjølv som påskeliljehovudstaden på New Zealand, og arrangerer ein årleg påskeliljefestival den andre sundagen i september.
Kjennemerke
Den historiske Carterton Railway Station ligg vest for bysentrum. Stasjonsbygningen er original, og vart bygd då jarnvegen opna i 1880, og har utført tenester for reisande heile tida sidan.
BiblioteketCarterton District library, er det eldste biblioteket som vart bygd til dette føremålet på New Zealand, og som enno er i bruk som bibliotek i dag.
Transport
Vegar
New Zealand State Highway 2, hovudvegen mellom Wellington og Masterton, går gjennom Carterton.
Carterton har bussruter som bind byen saman med Masterton, Greytown, Featherston og Martinborough.
Jarnveg
Carterton ligg ved Wairarapa Line som bind byen saman med Wellington.