Carol Kaye (fødd 24. mars1935 som Carol Smith)[1][2] er ein USA-amerikansk musikar og ein av dei mest brukte og høyrde bassgitaristane i rock- og pophistoria. Det er estimert at ho spelte på kring 10 000 innspelingar gjennom ein karriere som har vart over 50 år.[3]
Kaye byrja å spele gitar tidleg i tenåra og spelte etter kvart ofte i jazz- og storbandmiljøet i Los Angeles. Ho byrja å spele på studioinnspelingar i 1957 og gjennom eit kjennskap i Gold Star Studios byrja ho å arbeide for Phil Spector og Brian Wilson. Etter ein bassist ikkje møtte opp til ei innspeling i 1963, steppa ho inn på bass og vart raskt ein av dei mest etterspurte bassistane i 1960-åra og spelte på ei rekkje kjende hittar. Ho byrja òg å spele filmmusikk seint i 1960-åra, særleg for Quincy Jones og Lalo Schifrin, og byrja å gje ut ei rekkje lærebøker som How To Play the Electric Bass. Kaye vart mindre aktiv mot slutten av 1970-åra, men fortsette musikkarrieren sin inn i dei seinare tiåra. Ho var ganske framtredande i dokumentarfilmen The Wrecking Crew.