Cape De la Motte er eit kjenneleg nes mellom Watt Bay og Buchanan Bay; like nord for kontinentalisen som stig opp til 520 moh ved Mount Hunt. Neset vart kartlagd av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (1911–14) under Douglas Mawson, som namngav det etter C. P. de la Motte, tredjeoffiser på ekspedisjonsskipet «Aurora». Det har vorte gjetta at det høge landet bak neset er «Point Case», som US Exploring Expedition (1838–42) under løytnant Charles Wilkes sg frå det som vart kalla «Disappointment Bay» den 23. januar 1840.[1]
Kjelder
- ↑ «De la Motte, Cape». Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu. s. 524. Henta 22. oktober 2012.