Britiske oversjøiske territorium (engelskBritish overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorium som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Desse omfattar i dag fjorten territorium med historiske og administrative band til Storbritannia.[1][2][3] Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.
Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.
Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».
Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.
↑«Supporting the Overseas Territories». UK Government. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 8 November 2014. «There are 14 Overseas Territories which retain a constitutional link with the UK. .... Most of the Territories are largely self-governing, each with its own constitution and its own government, which enacts local laws. Although the relationship is rooted in four centuries of shared history, the UK government's relationship with its Territories today is a modern one, based on mutual benefits and responsibilities. The foundations of this relationship are partnership, shared values and the right of the people of each territory to choose to freely choose whether to remain a British Overseas Territory or to seek an alternative future.»
↑«British Overseas Territories Law». Hart Publishing. Arkivert frå originalen 21. juni 2020. Henta 19. juni 2020. «Most, if not all, of these territories are likely to remain British for the foreseeable future, and many have agreed modern constitutional arrangements with the British Government.»