Brades (også Brades Estate) er ein by med rundt 1000 innbyggjarar som har vore fungerande hovudstad for det britiske territoriet Montserrat i Karibia sidan 1998.[1]
Brades ligg nordvest på Montserrat, i Carr's Bay/Little Bay-området. Småbyen tok over funksjonen som hovudstad etter a den offisielle hovudstaden Plymouth sør på øya blei forlaten og øydelagd ved utbrotet til Soufriere Hills-vulkanen i 1997. Den offisielle statusen er ikkje overført til Brades, men det er oppført mange nye regjeringsbygningar her[2] og guvernøren har kontor her.[3]
Namn
Det er føreslått fleire andre namn på den nye hovudstaden, til dømes «Port Diana», til minne om prinsesse Diana[4] og «St Patrick's», til minne om opprøret på Montserrat på patriksdagen 17. mars 1768.
Kjelder
↑Leonard, T. M. (2005). Encyclopedia of the Developing World. Routledge. s. 1083. ISBN 978-1-57958-388-0. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.