Utgjevinga selde dårleg i starten og det var det einaste av albuma til Mott the Hoople som ikkje gjek inn på albumlista i Storbritannia[4] eller USA.
Den første arbeidstittelen var AC/DC, men vart byta ut med ein kombinasjon av dei alternative titlane Brain Damage og Bizarre Capers..[5] Dei første innspelingane vart produserte av bandet sjølv, men vart gjevne opp og deira svengaliGuy Stevens vart henta inn for å berge innspelinga. Fleire av desse innspelingane dei gjorde på eiga hand dukka opp på All the Young Dudes: The Anthology og som bonusspor på Angel Air-utgåvene av Mott the Hoople-albuma.
Plateomslaget på den originale britiske og kanadiske utgåva har ikkje maska ein kan sjå på den amerikansk versjonen (og somme seinare nyutgjevingar). Det var ei faktisk maske på innsida av den britiske versjon av albumet, men ikkje med den kanadiske utgåva. Bandnamnet og linja under det er midt på omslaget, der maska ville ha vore og tittelen vart flytta til toppen.
↑This is referenced by an oblique credit on the back cover that reads «Sleeve - Bizarre Damage.» (Original Atlantic Records pressing, cat. no. SD 8304.)