«All the Way from Memphis» vart spelt av Brian May i 1998 på albumet hans Another World med Hunter som gjesteartist. Han vart òg framført av supergruppaContraband på det einaste albumet deira i 1991. Det britiske rockebandet Thunder framførte songen på scenen og versjonar kom ut på fleire samlealbum. Det britiske punkbandet Abdoujaparov spelte songen i 2002 på albumet deira Air Odeon Disco Pub.
Den svenske artisten Magnus Uggla har sagt at han var inspirert av songen då han skreiv den første hitsingelen sin, «Varning på stan» i 1977.