Tettstaden ligg på nordkysten av Varangerhalvøya ved Barentshavet, inst i ei havbukt ved utløpet av Storelva. Folketalet i Berlevåg er 868 innbyggjarar per 1. januar 2023, som utgjer det aller meste av folketalet i kommunen.[1]
Hurtigruta går innom Berlevåg. Berlevåg lufthavn har daglege avgangar til Hammerfest og Tromsø, i tillegg til Vadsø og Kirkenes. Dei viktigaste næringsvegane er fiske, fiskeforedling, handel, og offentleg og privat tenesteyting.
Frå 1913 til 1975 blei det bygt heile fire moloar for å verne hamna mot bølgjene frå Nordishavet. Etter ein storstorm i 1959 som raserte halvparten av Svartoksenmoloen blei det teke i bruk tetrapodar som ytterdekke på dei to ytste lange moloane.
Då tyskarane trekte seg attende på slutten av andre verdskrigen (frå september 1944 til februar 1945) brukte dei brend jords taktikk og alle bygningar i Berlevåg blei brende ned.