I dei vestlege delane av kommunen finn ein mykje fjellnatur, medan områda i aust omfattar ein del jordbruksbygder. Det er flest tilsette innanfor teneste- og servicenæringane. Vinterturismen har mykje å seie i så måte, særleg i områda Klövsjö og Vemdalen. Inlandsbanan går dessutan gjennom Bergs kommun.
Den noverande Bergs kommun vart oppretta i 1971 gjennom samanslåing av dei fem tidlegare einingane. Forsamlingane Näs og Sunne vart overførte til Östersunds kommun.
Kommunevåpen
Blasonering: På blå bakgrunn, ein oppskytande gullfarga flamme frå eit sølvfarga fjell, til venstre ei høgrevend øks, og til høgre ei børse, begge delar i sølv.[1]
Det noverande kommunevåpenet vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1988, og er basert på det eldre kommunevåpenet som Bergs landskommun tidlegare brukte. Øksa og børsa symboliserer dei gamle handverkaryrka tømmermann og børsemakar, og flammen den varden som vart tend på Hoverberget for å åtvare den lokale folkesetnaden om komande farar.
↑«I blått fält en från ett treberg av silver uppskjutande låga av guld, åtföljd till dexter av en sinistervänd yxa, och till sinister av en bössa båda av silver».