Tidleg i karrieren jobba Hølmebakk med Virginia (1995-2000), ein serie med papirarkitekturprosjekt. Serien består modellar og teikningar inspirerte av litterære kvinneskikkelser. Nasjonalmuseet kjøpte inn fleire av verka i serien til samlinga si i 2020.[2]
Saman med arkitekt Per Tamsen grunnla Hølmebakk arkitektkontoret Manthey Kula i 2004, som har hovudkontor i Oslo.[3] Manthey Kula har stor anerkjenning internasjonalt og jobbar med prosjekt innanfor arkitektur, landskapsarkitektur og utstillingsdesign. Det fyrste prosjektet til arkitektkontoret, kraftstasjonen på Pålsbu kraftverk, blei nominert til Mies van der Rohe-prisen .[4]
I 2018 vann Manthey Kula og arkitektkontoret LCLA konkurransen om å utforme den norske gjestelandspaviljongen på bokmessa i Frankfurt 2019 med utkastet Norge Forteller.[5] I 2021 designa kontoret fire av dei permanente utstillingane ved det nye Munch-museet.[6]
I 2007 blei Hølmebakk tilsett som professor ved Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo.[7]
2022: Utøyakaia, nasjonal minnestad for 22. juli (Manthey Kula Architects og Bureau Bas Smets)
Utstillingsdesign:
2021: Fire permanente utstillingar, Munch-museet.[6] (Manthey Kula Architects)
2022: Satyricon og Munch, Munch-museet.[9] (Manthey Kula Architects)
Prisar og utmerkingar
2022: Prins Eugen-medaljen for fremragande kunstnarisk virke – tildelt Hølmebakk og Per Tamsen (Manthey Kula Architects).[10]
2022: Nominert til Mies van der Rohe Award for den norske gjestelandspaviljongen på bokmessa i Frankfurt 2019 (Manthey Kula Architects).[11]
2019: Nominert til Mies van der Rohe Award for Skreda Rasteplass. (Manthey Kula Architects).[12]
2011: Nominert til Mies van der Rohe Award for Toalettanlegg Akkarvikodden. (Manthey Kula Architects).[13]
2009: Nominert til Mies van der Rohe Award for overbygget Pålsbu Kraftverk (Manthey Kula Architects).[4]
2003: Medalje, Schelling Architecture Award for Architecture.[14]
Familie
Hølmebakk er dotter av omsetjaren Inger-Sofie Manthey Hølmebakk og forleggaren Gordon Hølmebakk.[15] Broren hennar Carl-Viggo Hølmebakk er også arkitekt.