KunsthistorikarenJens Thiis var direktør ved Nasjonalgalleriet mellom 1908–1941. Thiis var internasjonalt orientert og fekk kjøpt inn ei rad sentrale verk til museumssamlinga. Museet fekk i denne perioden også store gåver av Olaf Schou (1909), Chr. Paus (1918) og Chr. Langaard (1922).
I 1990 vart samlinga av måleri frå etter 1945 overførte til det nyetablerte Museet for samtidskunst.
Nasjonalgalleriet har i dag berre seks til sju prosent av kunsten stilt ut offentleg.[3] Lanseringa av ein ny basisutstilling «Alle snakker om museet» i februar 2005 vakte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming.[4] Det mest omtala var at ein splitta opp «Munch-rommet», og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att.[5] Den nye basissamlinga har vore omtala som «en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling»[6]
Museet for samtidskunst
Museet for samtidskunst blei stifta i 1988 og tok over verk frå Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet.[7] Museet ligg på Bankplassen 4 i Oslo i lokalar som tidlegare husa Noregs Bank.[8] Det opna for publikum i 1990.[8] Bygninga er frå 1907 og er teikna av Ingvar Hjorth.
Museet har skiftande utstillingar og tre faste installasjonar i dei 2 000 m² store lokalane. Samlinga inneheld rundt 5 000 norske og utenlandske verk frå perioden etter 1945.[8]
Nasjonalmuseet - Arkitektur
Arkitekturmuseet blei stifta av Norske Arkitekters Landsforbund i 1975 og frå 1. juli 2003 blei stiftinga ein del av Nasjonalmuseet.[9] Arkitekturmuseets visingsstad i Kongens gate 4 var i bruk fram til mars 2005.
Nasjonalmuseet åpna i 2008 ein ny visingsstad for arkitektur, kalla Nasjonalmuseet - Arkitektur, på Bankplassen 3 i Oslo.[10]
Museet held til i tre bygningar som er bygd samman. Hovudbygninga - den eldste delen - er Norgegs Banks Christianiaavdeling som ble teikna av Christian H. Grosch og stod ferdig i 1830.[10] På skrå bak ligg Sverre Fehns tilbygg frå 2002 - Ulltveit-Moe paviljongen -[11]og i tillegg kjem magasinbygninga frå 1911 teikna av Henry Bucher.
Nasjonalmuseet - Arkitektur har skiftande utstillingar frå samlinga som mellom anna inneheld modellar, teikningar og fotografi.[10]
Kunstindustrimuseet
Kunstindustrimuseet ligg i St. Olavsgate 1. I 1897 hadde det vore lyst ut ein arkitektkonkurranse
og mellom dei 14 forslaga blei den då 26 år gamle arkitekten Adolf Bredo Greve kåra som vinnar. På grunn av sin låge alder, fekk han hjelp hos den meir erfarne Ingvar Hjorth.[12]
Sjølve museet blei til på initiativ frå professor Lorentz Dietrichson og antikvar Nicolay Nicolaysen i 1876, og museet vart grunnlagd av kommunen allereie same år.[12]
Riksutstillingar
Riksgalleriet vart oppretta i 1953 som ein statleg etat for å sende vandreutstillingar av norsk og nordisk kunst ut til alle landsdelane. Etaten sende ut 142 utstillingar i dei 34 åra han eksisterte. Etaten bygde opp eigne samlingar, og lånte også inn verk til sine utstillingar.
Da Museet for samtidskunst vart oppretta i 1988, inngjekk Riksgalleriet som ein del av museet, frå 1992 med namnet Riksutstillinger.