Baton Rouge (fransk Bâton-Rouge, 'raud stokk') er hovudstaden i Louisiana, og ligg ved Mississippielva søraust i delstaten. Ved byrjinga av 2006 var byen den største i Louisiana. Historisk har Baton Rouge alltid vore mindre enn New Orleans, men etter at orkanen Katrina herja denne byen blei det Baton Rouge som hadde høgast folketal.