Boise er hovudstaden og den største byen i delstaden Idaho. Han er òg hovudsete for fylket Ada. Boise er største byen mellom Salt Lake City, Utah og Portland, Oregon, og er eit viktig kulturelt, økonomisk og transportsentrum. I 2007 vart det estimert at Boise hadde 202 832 innbyggjarar. I storbyområdet bur det om lag 635 450 menneske.