Barry White |
Barry White i Grand Gala du Disque Populaire i 1974. |
|
Fødd | 12. september 1944(1944-09-12) |
---|
Fødestad | Galveston i Texas i USA |
---|
Død | 4. juli 2003 (58 år) |
---|
Dødsstad | Los Angeles i California i USA |
---|
Fødenamn | Barry Eugene Carter |
---|
Aktiv | 1960–2003 |
---|
Sjanger | R&B, soul, funk, disco |
---|
Instrument | Piano, cembalo, klaverinstrument, vokal, trommer, blokkfløyte |
---|
Stemmetype | bassbaryton |
---|
Tilknytte artistar | Love Unlimited, The Love Unlimited Orchestra, Gene Page, Danny Pearson, Gloria Scott, Lisa Stansfield |
---|
Plateselskap | 20th Century, Unlimited Gull, Casablanca, Mercury, Private Music/BMG, A&M, Eagle |
---|
Verka som | Songar-låtskrivar, plateprodusent, arrangør, musikar |
---|
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Barry White (fødd 12. september 1944 som Barry Eugene Carter, daud 4. juli 2003) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar.
Han var kjend for den særeigne bass-baryton-røysta og det romantiske imaget og vann tre Grammy-prisar gjennom karrieren. Størst suksess hadde White i 1970-åra som soloartist og med Love Unlimited Orchestra, der han spelte inn fleire soul-, funk- og disco-låtar som dei to største hittane hans, «You're the First, the Last, My Everything» og «Can't Get Enough of Your Love, Babe».
I løpet av karrieren sin fekk White i alt 106 gullplate verda over, 41 av desse med status som platina. I tillegg hadde han 20 gull- og 10 platinasinglar, og totalt selde han over 100 millionar plater verda over, og er ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[1]
White var overvektig det meste av livet og sleit med helseproblem knytt til vekta si. Han døydde i 4. juli 2003 av nyresvikt som følgje av diabetes og høgt blodtrykk. Han vart posthumt innlemma i Dance Music Hall of Fame.
Kjelder
Bakgrunnsstoff