Ballymena er ein by i Antrim i Nord-Irland. Det irske namnet på byen, Baile Meánach, tyder 'Midtbyen'.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde Ballymena eit folketal på 29 467.[2] Byen er den åttande største i Nord-Irland. Han høyrer til Mid and East Antrim Borough Council, som har hovudkvarter her.[3]
Ballymena blei bygd på land gjeve til Adair-familien av kong Karl I i 1626. Til gjengjed skulle byen halda to årlege marknadar og ein laurdagsmarknad i all ettertid. Laurdagsmarknaden var framleis i drift i 2018. Ballymena er elles ein viktig handleby for nordirar.
Kjelder