Ballad of Easy Rider er det åttande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1969 på Columbia Records.[5] Albumet er kalla opp etter songen «Ballad of Easy Rider», som vart skriven av The Byrds-gitaristen og songaren Roger McGuinn (med hjelp frå Bob Dylan), som kjenningsmelodien til filmen Easy Rider i 1969.[6] Tittelen vart vald for å prøve å utnytte suksessen til filmen, sjølv om det meste av musikken på albumet ikkje hadde noko med filmen å gjere.[7][8] Sambandet til Easy Rider hjelpte The Byrds og albumet vart det mest seljande dei hadde hatt i USA på fleire år.[7]
Albumet nådde 36. plass på den amerikanske albumlista og 41. plass i Storbritannia.[9][10] Tittelsporet vart gjeve ut som singel i oktober 1969 og klarte seg greitt.[5][11] Ein annan singel frå albumet, «Jesus Is Just Alright», kom ut i desember 1969, men nådde berre 97. plass på den amerikanske singellista.[5][11] Albumet var det andre albumet som vart innspelt med den nye besetninga med Roger McGuinn, Clarence White, Gene Parsons og John York, men York vart sparka frå bandet kort tid etter albumet var ferdig.[12] Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut, men vert i dag rekna som eit av dei sterkaste albuma deira frå den siste halvdelen av karrieren.[1]
Albumet vart produsert av Terry Melcher som hadde produsert dei to første albuma til The Byrds, noko han berre gjekk med på om han òg kunne ta over som manager, for å unngå konfliktane han hadde hatt med Jim Dickinson. Melcher om til å arbeide med The Byrds fram til og med Byrdmaniax i 1971, lengre enn den første tida hans med The Byrds.[13]
Tidleg i 1969 skal manusforfattaren og hovudrolla i Easy Rider, Peter Fonda, ha spurt Bob Dylan om han kunne skrive ein song for filmen.[14] Dylan avslo, men skreiv følgjande ned på ein serviett: «The river flows, it flows to the sea/Wherever that river goes, that's where I want to be/Flow, river, flow» og sa til Fonda «gje dette til McGuinn».[12][14] Dylan vart seinare oppgitt over at han vart oppført som låtskrivar, og bad om å få namnet sitt fjerna.[15]
York var blitt stadig mindre motivert i bandet og hadde uttalt at han ikkje ønskte å spele songar som var skrivne og spelt inn før han kom inn i bandet. Til slutt valde dei andre i bandet å sparke han. Han vart erstatta av Skip Battin, ein frilansmusikar som ein gong var medlem av duoen Skip & Flip.[16]