«Lodi»
«Bad Moon Rising» er ein song skriven av John Fogerty og framført av Creedence Clearwater Revival. Han var den første singelen frå det tredje albumet deira, Green River, og kom ut i april 1969, fire månader før albumet. Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og toppen av UK Singles Chart, der han låg i tre veker i september 1969. Han var den andre singelen til CCR som selde til gullplate i USA.[1]
Songen har vorte spelt inn av minst 20 andre artistar, i stilar som varierer frå folk til reggae til psykedelisk rock.
I 2011 rangerte Rolling Stone songen på 364. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Fogerty skreiv visstnok «Bad Moon Rising» etter å ha sett The Devil and Daniel Webster. Inspirert av ein scene i filmen med ein tropisk orkan hevdar Fogerty songen omhandlar «apokalypsen som skulle kome til å råke oss»[2]
Refrenget «there's a bad moon on the rise» har ofte vorte mistydd som «there's a bathroom on the right». Fogerty har parodiert denne mistydinga på konsertversjonar av songen.[3]
Jerry Lee Lewis spelte inn ein versjon av songen i 1973 for albumet The Session.[4] Fogerty og Lewis spelte inn ein versjon i lag i 2010 på albumet Mean Old Man.[5] Emmylou Harris spelte ein versjon av songen i 1981 på albumet Evangeline.[6] I 1986 nådde ein versjon av det australske bandet the Reels 11. plass på den australske lista.[7] Den skotske tradisjonelle gruppa Battlefield Band spelte inn ein versjon i 1987 for albumet After Hours: Forward to Scotland's Past. Ein versjon av The Blue Aeroplanes frå 1995 finst på EP-en Sugared Almond.
Songen er blitt nytta i mange filmar, som An American Werewolf in London, My Fellow Americans, Twilight Zone: The Movie, Blade, Sweet Home Alabama, My Girl, Man of the House, Mr. Woodcock og The Big Chill.
Han er òg nytta i mange fjernsynsprogram, som Supernatural, Cold Case, Northern Exposure og Alvin and the Chipmunks.
Ein remiks av songen finst i videospelet Crackdown 2.
Songen er spelbar i videospelet Guitar Hero 5 og Rock Band 3.
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine