Arnoldus Schytte Blix (fødd 4. oktober 1946) er ein norsk polarforskar. Han har vore professor i fysiologi ved Universitetet i Tromsø sidan 1980. Han har òg vore direktør ved Institutt for arktisk biologi sidan 1979. Han vart dr.philos. i 1975.
Blix har leidd eller vore med på meir enn 30 polarekspedisjonar til Alaska, Canada, Grønland, Svalbard og Antarktika. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.[1] I 2006 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Referansar
- ↑ Biografi på forskning.no, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 10. februar 2019
Bakgrunnsstoff