I 1636 studerte Van Schurman ved universitetet i Utrecht. Forutan å følgje lukka førelesingar, var ho også til stades på disputasar og føredrag som var opne for alle. Ho studerte språkfag og medisin, men framfor alt teologi.[4]
Gjennom bruk av syllogismar (ein metode som også blei brukt av dei lærde i mellomalderen), argumenterte Van Schurman for at kvinner burde få utdanning innan alle felt, men ikkje burde bruke utdanninga si i yrkeslivet, i tillegg til at utdanninga ikkje burde blandast med pliktane deira i heimen.
Utvalde verk
De Vitae Termino (Om livets ende). Publisert i Leiden, 1639. Omsatt til nederlandsk som "Pael-steen van den tijt onses levens," publisert i Dordrecht, 1639.
Dissertatio De Ingenii Muliebris ad Doctrinam, & meliores Litteras aptitudine. Paris, 1638, og Leiden, 1641. Omsatt til fleire språk, inkludert nederlandsk, fransk (1646), og engelsk (1659, med tittelen "The Learned Maid or, Whether a Maid may be a Scholar").