Ane Breivik (fødd 3. juli 1998) er ein norsk politikar for Venstre frå Bærum i Viken. Frå november 2021 til oktober 2024 var ho leiar i Unge Venstre.[1][2][3] Breivik har tidlegare vore nestleiar av Unge Venstre[4] og sentralstyremedlem i ungdomspartiet. Frå februar 2021 var ho Hordaland Venstres 2. kandidat til Stortingsvalet 2021.[5] Breivik er 1. vara for Sveinung Rotevatn til Stortinget for perioden 2021–2025.[6]
Bakgrunn
Breivik har tidlegare sete som sentralstyremedlem i ungdomspartiet,[7] og i januar 2020 blei ho den yngste lokallagsleiaren i eit av Venstres største lokallag, Bergen Venstre, nokonsinne.[8] Ho studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og har tidlegare gått på United World Colleges i Maastricht.
Kjelder
Bakgrunnsstoff