Kirkhusmo hadde ei rekkje faglege tillitsverv. Han var formann for Oslo lærerforening, og seinare for Noregs Lærarlag (1917–33). Han bidrog sterkt til å modernisera organisasjonen, og under leiinga hans brukte lærarlaget middel som boikott og blokade i lønskampen. Då han gjekk av som formann, blei han utnemnd til æresmedlem av laget.
Han sat i fleire offentlege utval om skulespørsmål og medverka slik til at einskapsskulen blei lovfesta på 1930-talet. Han leia òg arbeidet med å utforma framhaldsskulelova. Han var òg ein forkjempar for å utvikla lærarutdanninga.
Kirkhusmo var med å stifta både Kristiania Unge Venstre og Noregs Unge Venstre, og han var formann for Noregs Unge Venstre frå 1909 til 1912. Han var engasjert i partiet sitt avisarbeid gjennom Dagbladet og Østlendingen.
Også i den frilynde ungdomsrørsla var han aktiv. I 1892 var han første formann i Breidablikk, som var ein samorganisasjon for ungdomslag i Nordøsterdalen og Sør-Trøndelag. Seinare var han i mange år nestformann i Bondeungdomslaget i Kristiania.
I 1945 gav han ut memoarane Minner fra et langt arbeidsliv.
Lærarlaget har reist ein minnestein over han i Ålen.