Andrews Rocks er ei lita gruppe skjer 9 km aust for Cape Paryadin på Sør-Georgia. Skjera er berre og vert dekte av bølgjer i grov sjø. Namnet «Andrews Islands» vart truleg gjeven av kapteinløytnant J.M. Chaplin i Royal Navy, frå RRS «Discovery» under landmålingane av området i 1926. South Georgia Survey i 1955–56, rapporterte at «skjer» eller Rocks er eit meir skildrande namn for denne gruppa.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Andrews Rocks» (innhald frå Geographic Names Information System).