Al-Muzahmiyya arabisk المزاحمية) er ein liten by i Riyadh-provinsen i Saudi-Arabia. Han ligg kring 59 km med bil sørvest for Riyadh langs den viktige Riyadh-Mekka-vegen.[1]I folketeljinga i 2004 hadde byen eit folketal på 24 224.[2] Han ligg i den vide dalen Wadi Al-Batin, og vart grunnlagd på 1500-talet som ein koloni av små sjølvstendige gardar og eigedomar, som seinare voks saman til ein landsby.
Kjelder