8. serierunde i Tippeligaen 2006 vart gjennomført tirsdag 16. mai med seks kampar kl. 18 og ein kamp, mellom Start og Vålerenga kl. 20. Både Lillestrøm og Brann vann kampane sine, mot høvesvis Molde og Tromsø, medan Odd Grenland klarte uavgjort mot Rosenborg i Trondheim. Desse tre laga stod dermed framleis utan tap på dei åtte første rundane. Stabæk gjekk på det første tapet sitt for sesongen, mot Fredrikstad. Lillestrøm heldt plassen på toppen av tabellen, med Brann og Odd like bak.
Runden hadde 12 806 tilskodarar i snitt per kamp, flest på Lerkendal der det var 22 330 tilskodarar.
Statistikk
|
|
Mål i alt:
|
16
|
Snitt mål:
|
2,29
|
Tilskodarar totalt i serierunden:
|
89 643
|
Tilskodarsnitt per kamp:
|
12 806
|
Flest tilskodarar:
|
22 330 (Rosenborg–Odd Grenland)
|
Færrest tilskodarar:
|
4 787 (Lyn Oslo–HamKam)
|
Gule kort:
|
23
|
Utvisingar:
|
1
|
Kampfakta
|
---|
Lag | |
---|
Serierundar | |
---|
Lagartiklar for 2006 | |
---|