11. serierunde i Oddsenligaen avdeling 3 2013 vart gjennomført med fem kampar laurdag 22. juni og to kampar måndag 24. juni. Det vart ingen endringar i toppen etter både Vindbjart, Nest-Sotra og Åsane vann sine kampar mot høvesvis Viking 2, Fyllingsdalen og Fana. Egersund kom seg over nedrykksstreken med siger over Arna-Bjørnar, medan Flekkerøy hamna under etter tap mot Ålgård