St. Anastasia (bulgarsk Света Анастасия, Sveta Anastasija, tidlegare kalla Bolsjevik, Болшевик) er ei lita bulgarsk øy i Svartehavet. Ho ligg 1,5 km utanfor kysten nær Tsjernomorets og har eit areal på 0,01 km². Ho er den einaste folkesette øya utanfor den bulgarske svartehavskysten.
Øya har vulkansk opphav.[1][2]
Ho har både elektrisitet og drikkevatn, og er kalla opp etter det tidlegare nonneklosteret St. Anastasia som låg her. Klosteret vart forlate i 1923, då øya vart omgjort til eit fengsel.
I 1925 gjorde 43 politiske fangar (kommunistar og antifasistar) leia av Teohar Bakardzjiev opprør og rømde frå øya og vidare til Sovjetunionen. Etter at kommunistane kom til makta i Bulgaria i 1945 blei øya kalla Bolsjevik til ære for dei. Den bulgarske filmregissøren Rangel Valtsjanov baserte filmen sin On the Small Island (bulgarsk На малкия остров) frå 1958 på denne hendinga.
I dag står det eit fyr på øya, i tillegg til ein pub, ein liten kai og fleire bygningar som gjev husrom til turistar.
Om sommaren er det fleire daglege avgangar for båtar mellom Burgas og St. Anastaisa.[3]
Galleri
-
Strand på øya
-
Fyret på øya i 2014
-
Strand og pir på St. Anastasia. I horisonten kan ein sjå
Burgas.
-
Sti på øya
-
Klippe
Kjelder
Bakgrunnsstoff