Østlands-Posten (ØP) er ei dagsavis som kjem ut i Larvik i Vestfold. Ho held til på Fritzøe Brygge. Østlands-Posten dekker Larvik og Lardal kommune i sørlege delar av Vestfold.
Ansvarleg redaktør er Eirik Haugen.[1]
Historie
Avisa vart grunnlagd som venstrepolitisk avis i 1881. 1896–1995 var Østlands-Posten eigd av familien Næss. Ho vart ei partipolitisk sjølvstendig dagsavis etter Venstre si splitting i 1972.
Driftselskapet er Østlands-Posten AS som er eigd av A-pressen ASA sidan 1995.
Østlands-Posten er i dag ein del av eit mediehus som i tillegg til eiga avis eig lokalavisene Tvedestrandsposten, Aust-Agder Blad (Risør), Porsgrunns Dagblad, Øyene og Jarlsberg Avis. I tillegg er mediehuset største lokalradioaktør i Vestfold, i tillegg til at ein driv sitt eige distribusjonsselskap.
Opplagstal
Utvikling i nettoopplag.[2]
År
|
Nettoopplag
|
2000
|
14 523
|
2001
|
14 536
|
2002
|
14 542
|
2003
|
14 276
|
2004
|
14 293
|
2005
|
14 358
|
2006
|
14 284
|
2007
|
14 281
|
2008
|
13 932
|
2009
|
13 730
|
2010
|
13 446
|
2014
|
11 952
|
Østlands-Postens nettavis er største lokale nettstad i søndre Vestfold.
Bøk
Østlands-Posten lanserte 29. februar 2008 et nytt spesialmagasin, Bøk. ØP-journalist Kjersti Bache fekk redaktøransvaret for magasinsatsinga.
Svenner.no
Østlands-Posten lanserte 22. mai 2008 ei eiga nettavis for Stavern og land kalla svenner.no.
Nærradio
Østlands-Posten har drive nærradio to gonger tidlegare: først Radio ØP (1985–1987, på eigen konsesjon), så Radio Larvik (2005–2007, på Radio Sentrum sin konsesjon). I 2008 søkte Østlands-Posten om såkalla allmennkonsesjon og 2. juni 2008 vart det klart at avisa fekk konsesjon.
Avisa eig 49 % av aksjane i Radio Tønsberg.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2020 |